Etter å ha satt på 235 dekk på '05 Jimny har eg fått litt for høg giring. Vurderer derfor å bytte til SJ transferboks og bruke Rockwatt sitt fordelingskassefeste som skal høve bra.


Jimny fordelingkasseutvekslinger:

Høg Lav
1.320 2.145 - Manual T-Box (Manual Gearbox)
1.000 2.002 - Electric T-Box (Manual Gearbox)
1.320 2.643 - Electric T-box (Auto Gearbox)

som ein ser frå tabell har VVT med manuell giring og elektrisk sjalting på fordelingskassa høgare giring i fordelingskassa.

Dersom eg monterer krypekasse vil eg få:

høg lav
1.58 4.16 -SJ krypekasse

For å få Dette til å passe på ein '05 og nyare VVT Jimny må mellomaksel gir-fordelingkasse modifiserast med original VVT akselende splines i girkassa, og samurai mellomaksel mot fordelingskassa, og lengde justerast noko. Mykje enklare på '99 til '04 Jimny der ein berre treng ein spacer og mellomaksel frå SJ.
Sjalting av SJ kassa er såklart ikkje elektrisk, så deksel i tunnel fjernast for girstang og sj delar blir montert. sjalteknappane kan fortsatt brukast til å legge inn drivakslar foran.
lys i dash for 4wd kan koblast opp til bryter i SJkassa, og muligens koblast saman med sjalting av foraksel.

Trur dette blir litt opp og fram...